onsdag 29. desember 2010

mandag 25. oktober 2010

tirsdag 14. september 2010

le love





















takk gud for www.leloveimage.blogspot.com når det regnar og eg er trist og forelska.


onsdag 1. september 2010

hurra

  • iPod Classic
  • Oz-boksen
  • Decleor Aroma Confort Systeme Corps Moisturising Body Milk
  • Redken Extreme (sjampo, balsam, hårkur)
  • Urban Decay Primer Potion
  • Too Faced Therapeutic Herbal Eye Base and Concealer
  • Gåvekort (Carlings, H&M, Bikbok, HH etc)
  • Kvite converse(sånne som eg hadde før roskilde:((()
  • mønni
  • IKEA 365+ kit
  • Arcade Fire - The Suburbs
  • TV!!!!
  • Greys Anatomy
  • Casio Exilim ex h10
  • Canon Digital ixus 105
  • Panasonic lumix dmc tz6

mandag 30. august 2010

miss you like crazy!

onsdag 18. august 2010

you shimmy shook my bone leaving me stranded all in love on my own

Ettersom eg ikkje taklar å vere meir sosial enn det eg er på skulen for tida, så har eg funne ein ny hobby. Eller eigentlig er det vel praktisk talt tre. Sove, sitte på macen og snike på alt og alle og til slutt... å lese bøker. Mandag kl 6 kjente eg det på kroppen at NO(!) måtte eg lese. Så tideligare i dag blei eg ferdig med ei bok på 400 sider, og gjekk selfølgelig rett på biblioteket rett etter skuletid. Herregud så deilig det er å tenke på andre sine liv enn mitt triste og patetiske.

Eg syns jo det er ok å vere litt patetisk, men eg har jo faktisk planar om å vere det i 10 mnd framover, og det er jo veldig veldig veldig lenge. Flaks at det blir mange bøker og nye ord i vokabularet, slik at det kjem eit eller anna positivt ut av dette marerittet.

søndag 15. august 2010

åååååååååå

eg vil ikkje, orkar ikkje, taklar ikkje, klarer ikkje, maktar ikkje og overlever ikkje eit heilt år "aleine". Det har gått 6 timar og 37 minutt og eg klarer ikkje å savne deg eit sekund lengre!

fredag 6. august 2010

.........

Eg dør dør dør og dør fordi eg aldri har grua meg så masse til skulestart før. Heldigvis har eg hatt den beste sommaren i mitt liv med dei finaste folka i verda!

fredag 25. juni 2010

go' fæstival!


no reiser eg altså på Roskilde festivalen, og eg trur virkelig at eg trenger all flaks eg kan få der nede!




Hadebra! Snakkast kanskje aldri...

torsdag 24. juni 2010

superdrita

kva tar ein med seg for å ligge drita i ei grøft slik...


.. frå 26 juni til 6 juli?

mandag 21. juni 2010

current obsession


fy faen, her er altså det dyret som gjer dagane mine mørke som vinternettene. Armane mine er fulle av skrapemerker, beina fulle av bitemerker og håret mitt er ete opp. Eg veit om ein person som fortsatt likar den, Sjur. Men han har jo aids/likar kattar.

mandag 24. mai 2010

i wont stop falling like raindrops because i like it when you loose control


eg er så glad no/i dag/for tida at det gjer vondt i ansiktet pga all smilinga. Det gjer vondt å innrømme det, men sola gjer meg nok litt glad. Sjølv om den kan irritere meg heilt villt, så gjer den alt så innmari masse enklare.
Sidan sist eg blogga, 5 mai, altså nesten 20 dagar sidan, så har det skjedd ganske så masse. Eg har vore på Kreta i ei veke, komt opp i skriftlig eksamen og hatt det himla gøy. I/på Kreta hadde eg sjølvsagt mange angstanfall( fordi eg var så redd for at eg/alle skulle bli drept), men det var ganske ok å stå opp kl 9, ta på seg ein shorts og ei t-skjorte og springe ned til ein ferdig frukost med alt ein kan tenke seg. Det var også ok å ligge i sola og lese dagenlang, ete pasta kvar kveld i ei veke, le av Sigrid som blei forelska i svenskar, å svi av solbrenthet og å kjenne kor masse eg savna å vere heime. Og på onsdagen kom eg opp i engelsk skriftlig, som var akkurat det beste som kunne skje. Eg hoppa opp i taket eit par gangar, smørte meg inn i solkrem og reiste til Chania og kjøpte to ting eg hadde ønska meg LENGE som endå ei belønning:)
Menmenemne, nok sydenprat. Dagen eg kom heim(evt morningen kl 8:14) var det 16 mai! Med andre ord hadde eg og sjuripuzzekat 1 år, det var ein festaften og tid for å mase rundt på alle etter vors. Kvelden blei flott og fin med svært mange bilturar og vener som blei litt vel berusa. Sånn det skal vere, med andre ord.
No kjem eg ikkje på så veldig masse å sei, eeee. Men i går kveld hadde eg og Jessica ein hot date, noko eg vil sjå på som ei slags unnskyldning til ho(for det du veit jessica..). Så vi åt ris på kinaen til 15/20 kr, dessert på peppes og kjøpte film og sprinta til bussen for å sjå dei hos ho. Og når eg skulle ta bussen heim igjen, så stoppa søren meg ikkje den dustebussen! Eg måtte gå frå Grovene, jesus.
I dag har eg lest pittelitt engelsk(eksamen på onsdag), ommøblert og vaska og rydda rommet mitt, køyrt litt bil, laga mat og......... sett ferdig Skins. HERREJESUS den serien. Eg blir så kvalm, glad, lei meg av den og eg hatar at den får meg til å bli skikkelig badass. Men fy søren så fin den er også. Er "litt" glad for at eg har "fått" alle vennane mine til å sjå på det, slik at vi alle kan diskutere ting!!!
Og så ser eg SATC om igjen <3<3<3<33<3<3>

Det er tre sangar som går om og om i hodet mitt no, og dei er SJØLVSAGT stolt av;
og ein tysk greie eller fransk greie som Linn nesten begynte å grine av når ho fekk høyre at eg også likte den. Skal finne det ut imorra elnz.


onsdag 5. mai 2010

søndag 25. april 2010

i.hate.my.life

berre litt sånn "update"
Søndag 25 april: skrive norsktekst + spansktekst
Mandag 26 april: innlevering av norsktekst + spansktekst + øve spansk
Tirsdag 27 april: spansk-fagdag + skrive den norskteksten som egentlig skulle bli gjort til mandag + ta sol + kjøpe inn alt mulig + køyretime
Onsdag 28 april: førebuingsdag i engelsk + øve sosiologi + øve historie
Torsdag 29 april: fagdag i engelsk + øve historie + jobb
Fredag 30 april: cooper-test + historie-prøve + øve sosiologi + ut!!!
Lørdag 1 mai: halve slekta kjem på besøk + øve sosiologi
Søndag 2 mai: konfirmasjon + øve sosiologi
Mandag 3 mai: sosiologi-fagdag + kjøpe endå meir tingtang + køyretime??
Tirsdag 4 mai: førebuingsdag i IT + øve IT + skrive norsktekst(ar)
Onsdag 5 mai: fagdag i IT + skrive norsktekst
Torsdag 6 mai: jobb
Fredag 7 mai: fri!!!! + jobbe med IT-prosjekt + skrive norsk + pakke
Lørdag 8 mai: reiser til Kreta
.... dø i sola
Onsdag 12 mai: får vite om eg kjem opp i skriftlig
Søndag 16 mai: kjem heim frå Kreta + 1 år med finaste + ut!!!!!
Mandag 17 mai: ja, 17 mai.
Tirsdag 18 mai: trygle it-læraren om å få framføre då(ja Martine).
21- 28 mai: skriftlig-eksamen
22 mai: jobb
27 mai: jobb
28 mai: florø!!!! lars vaular + john olav nilsen og gjengen
3 juni: jobb
5 juni: jobb + ut!!!
9 juni: får vite om eg kjem opp i munnlig
10 juni: jobb
11- 16 juni: munnleg-eksamen
17 juni: siste skuledag!!!!!!!!!
19 juni: jobb
21-24 juni: jobb
25 juni - 6 juli: roskilde???????
12-17 juli: jobb
14 juli: GURO KJEM HEIM!!!!!
2-7 august: jobb
9-15 august: oslo + øya
... skule

I DIEEEEEE








søndag 11. april 2010

bannanananananana

eg hadde rett. Eg kan pynte meg så masse eg berre vil, men når litt for masse vin og sprit blir inntatt - så blir eg heilt forjævlig uansett. Håret ligg i svære klumpar, strømpebuksa er på knea, maskaraen er på kinna mine og eg vil berre sleve. Men ettersom Morten, min nye "rømme til når eg er for full til å omgås andre mennesker med"-person har skinnsofa blir det sistnevnte litt nasty. Så istedet hoppar eg rundt med videokamera, ukjente søsken sine kle og skriver til kjendisar på facebook. Flott liv!
Men det er nok sånn det skal vere når ei av dei finaste jentene i verda(Jessica) blir myndig og lagar pærdi for alle heile helga. Dei 6 blåmerka mine er heilt verdt det og eg har hatt det storarta uansett. Eg har dessutan lært at å lyge er det enklaste i verda og at eg kan få alle til å tru fine ting om andre. ÅÅÅÅÅÅ eg er med om .. eee 3 veker også.

kyzz og klem frå ei glad jente som snart skal sjå ein video på 7 min... som eg filma av meg sjølv i går etter midnatt.

lørdag 10. april 2010

ute på druen

kjenner eg meg sjølv rett så begynner eg sånn ca sånn...

og endar opp sånn ca sånn..



onsdag 7. april 2010

clean teen







Used to have casual sex and drink and smoke, but goes against it later. To cleanse themselves of what they used to do. Varies on person to person, but part of to be a clean teen is to dress modestly.

kven er med?!?!?!?!?!?!??!!?!?!?


mandag 5. april 2010

bla bla jada jada

hola! Påskeferien er over og eg er omtrent 90% sikker på at eg har lagt på meg 50 kg. Når ein har brukt 4 dagar hos bestemødre som seier "ta no litt til" og gir deg dådyrauge ved kvart einaste måltid, så er det liksom litt vanskelig å sei nei. Og så er det jo dette påskeegget som eg åt opp på ca ein time. Ca. Kjenner at eg faktisk blir litt kvalm no av å tenke på godteri, men kjenner eg meg sjølv rett så er den kvalmen over innan klokka er halv 4.

Ting som faktisk gjer meg kvalm er spansk-prosjekt og gymprøve. Eg har ein klump i magen som heile tida minnar meg på at eg MÅÅ begynne snart. Eg har lest 1/3 av gymteorien, og eg har ikkje eingang åpna powerpoint for å begynne på spansk-presentasjonen. MEN! planen er: gymteori i dag og spansk i morgon. Planlegging, det er nemlig det einaste gøye med skule/prøvar/osv.
Eg har faktisk gjort nåke så drastisk som å rydde i 4 skuffer som ikkje har blitt sett i på 5-6 år. Herregud så masse rart eg fant, og herregud så deilig det er å ha kasta ein heil søppelsekk med bøker og ark frå 8.klasse. Neste prosjekt er ... OMØBLERE. Kanskje det gøyaste eg veit, og kanskje det vanskeligaste eg veit. Når ein har eit rom på størrelse med eit kott, er det svært lite ein kan gjere. Eg føler at eg har prøvd alle mulige variasjonar før, men no har eg ikkje omøblert på eit år(!!??!!!) så eg dør av kjedsomhet her. Hatar at hyller og sånne ting gir meg tusen begrensingar. Målet er i allefall å ha senga midt i rommet, for det er så fint og deilig.

Men no må eg lese 22 sider til gym, og så skal eg ut på tur med Sjur sidan det liksom var så "fint vær ute". Vel no ser det ut som om det skal til å regne. HORE!!!!!!!!!!

fredag 2. april 2010

happy easter

åååå. telenor nektar meg å ringe/sende sms og eg er selfølgelig sjuk igjen. hatar livetttt

søndag 21. mars 2010

where did all the love go


eg har vore så lenge vekke at eg har gløymt korleis ein brukar tastaturet på macen, har ikkje lyst til å trykke på ein einaste sang på spotify og det er eit ork å lese bloggar. Eg vil tilbake til Barcelona, varmt vær og vin til 50 kr flaska.
Men herregud, det er deilig å vere heime igjen også. Senga er mjuk, toalettet har lås og maten er ikkje berre loff og appelsinjuice. Best av alt er selfølgelig å vere med han fine igjen for eg veit at han savna meg litt også, sjølv om han ikkje har grene seg i søvn slik som eg forventa. Som vanlig viste eg min kjærlighet ved å sove og kjefte. Snillaste.

Kofferten stinkar røyk og eg har så kjøpt så masse at eg ikkje hugsar det engang. Ettersom eg ikkje kunne betale 8 euro med kortet på fredag vil eg tru at eg nærmar meg konkurs. Flaks at det berre er 20 dagar igjen til lønning..........
Nei, men positivitet!!! Mamma og pappa er så glade for å ha meg tilbake at dei sikkert vil betale litt forskjellig. Og eg har jo ein femtilapp...




torsdag 11. mars 2010

gi meg noe gass



homofili. hei, eg skal no skrive om martine og det svært kjente fenomenet homofili. eg har nettopp hatt matteprøve og eg bør Vaffal få sekx. "Eg har lyst å få ein kjæreste også dør han".





Litt sånn emo-love liksom. Det eg gler meg til er jo å bli 90 år, sitte i sofaen saman med mannen min og ete nystekte wienerbrød og slurpe kald kaffi.


Men homofili ja. Som sagt eit svært kjent fenomen. Alle veit kva det er, kva det går ut på, og dei fleste er jo ok med det(burde vere det i allefall).




Denne kvinna er i allefall ok+! (no virka eg lesbix)


Men Martine ja. Flott ung kvinne med mange tankar og kjensler. Den verste personen ho har møtt? MEG. Jepp, eg går ho på nervene kvar dag, men likevel held ho ut kvar einaste lunsjpause med meg, lar meg snakke kvar einaste sosiologi-time, it-time og engelsk-time. Flott jente med andre ord. Tema ho likar å snakke om? sminke, hudpleie, sex, kjensler, mat, hennas framtid som sexolog, gutar som på ein eller annan måte er fine, internett, hildechristina.com, vennskap og anti-mobbing. Sidan dette også er tema som interesserer meg (litt) så kozar me oss mykje i kvarandre sitt selskab(det norske selskab 2).




nuss

mandag 8. mars 2010

silver equals gold

no har eg selfølgelig sett første episode av Paradise Hotel. Som alltid brukte eg og Sigrid 90% av tida på å le av alle dei ekle menneska, enorme puppane og sleske hårsveisane. Det er så fantastisk! aahhaahahahahhaaha. No er det jo berre å vente på det resten av Norge (i allefall Jessica) også ventar på - sexscenene. Det er då ein sitter skamflau, fniser og seier "herreguuud så teit". Gledar meg svært.

Det verste med Paradise Hotel er jo selfølgelig at ein blir heilt avhengig. Eg må sjå det kvar kveld, og med det forsvinner jo mitt sosiale liv(facebook). I tillegg er eg jo i Barcelona om ei veke! Fysj. Får sjå alt på tv3.no etterpå(hehehehehhehehe "neida").
Og ang Barcelona, i dag har eg laga pakkeliste og greier. Den blei selfølgelig "litt" for lang som vanlig. I tillegg veit eg ikkje når eg liksom skal pakke. Det er kun fredag eg har tid til å kjøpe ting eg må ha med, laurdag skal eg jobbe og søndag skal eg jo sove heeeeile dagen.

No må eg sove, men først vil eg klage på spotify. No har eg høyrt 2(!!) sangar og reklamen er her igjen, jjjjesus.




søndag 7. mars 2010

the pains of being pure at heart

gahh, eg er heime etter nok ein mislykka kveld der eg skulle bli såå full og ha det såå gøy. Viser seg at å reise ut virkelig ikkje er min ting. Det er så masse bedre å ligge i armkroken til han fine og sjå på dritt på tv. Mislikar sterkt at eg har blitt ein av dei som heller vil vere med kjæresten kvar kveld enn ute og vere fin på vin med venninner, men åååå det er så herlig. Ein trenger ikkje å pynte seg, finne vors, fryse, ha vondt i beina på grunn av høge hælar og dø av hodepinen dagen etterpå. Ein kan ligge rett ut på sofaen og glede seg til eit god natt-kyss når kvelden er over istaden for å legge seg utslitt i ei seng og risikere å ikkje hugse eit snev av kvelden før.










fredag 5. mars 2010

wuhuuuu toroborgen is super kind and so ooon

greeit, så eg er lei av å vente på teite iPhone.
gå inn på www.toroborgen.com og sjå den videoen her:


gjer det han seier og så er du med i trekninga om ein Nokia n97mini til 5000,- !!!!!!!

søndag 28. februar 2010

d.ø.r

æsj, er så lei av å vere sjuk no. Etter å ha vore halvdød i ei og ei halv veke har eg forstått at det ikkje hjelper å "late som ingenting" og gjere det eg vil sjølv om det gjer vondt i heile kroppen. Så i dag låg eg i senga fram til klokka blei 15, la meg igjen 18:30, stod opp igjen klokka 21, og no skal eg legge meg igjen. Eg er drittlei av senga mi, og å sove er omtrent umulig. Dessutan orkar eg ikkje å lese og den teite HTC-mobilen eg brukar har to spel. iPhonen er fortsatt død og eg skal levere den inn imorra. Får sikkert ikkje ny før om 2-3 veker.. gahh. Einaste lyspunktet i livet no er at eg har ein sånn mini-daim som eg sparte frå laurdagskveld. Den skal eg seriøst nyyyte som om det var mitt siste måltid no om sånn 5 minutt. NAM.

gahhh, show me mercy

onsdag 24. februar 2010

dddejgnkrjnfl

og ja, forresten. No har jo Helene blitt såååå kul og legger ut fantastiske videoar av sauar og slikt, men eg vil berre forklare korleis det har blitt til. For det er nemlig MIN feil! Eg viste ho www.stumbleupon.com!!!! så var det ute av verden.

never mind what anybody else done

eg er så sjuuuuuk. Og eg har selfølgelig tenkt "vil...døøø" mange gangar i løpet av veka, og det er kun onsdag. Heldigvis finst det nasespray, ibux og sånne som Martine og Sjur som gjer at eg ikkje gror heilt fast i senga eller framfor tven.

Fredag var det "omg-partynite" i Førde, og eg var selfølgelig attending. Ein skulle jo ha trudd etter timar med dansing på chatroulette, gele som smakte litt annerledes enn den ein åt i barnehagen og flasker som skulle gjere meg "sååå glad", så ville eg bli nettopp det. Sååå glad altså. Men det blei eg selfølgelig ikkje, og etter å ha "forført" stakkars gutar på dansegolvet saman med Helene og passa på ei småtrøytt Jessica i eit par timar, måtte eg kaste inn handkleet og ringe papsen som fekk mental-breakdown. Stakkars. Høgdepunktet var teit nok å snakke med puzzzzekattten(sjur) som var tydelig glad (..) for å høyre meg skryte av blåmerka mine. For akkurat det er også det som opptar mest av tida mi. Beina mine er både blå og gule og eg føler meg svært vakker.

Sjølv om denne "omg-partynite" i Førde slo litt feil for min del, så skal eg ikkje gi opp med det første. På laurdag er det "omg-partynite" i Førde/Jølster og eg er, fortsatt, selfølgelig attending. Tanken er å gå som ein sjørøvar og "skyte" alle partypoopers. Problemet er at det sikkert blir eg som sutrar halve kvelden og vil heim og sove. Menmen, er jo flott det at eg er ferdig med morodrikker før eg i det heile tatt har lov å innta det! Føler at det er litt sånn med det meste no, og det er jo litt kjedelig.

Andre ting som også er kjedelig er å jobbe. Spesielt når ein er sjuk og vil dø, som sagt. MEN! pengar er ei viktig sak når ein lev i dette samfunnet, og eg skal faen meg ikkje komme tomhandt/tomhendt(????) heim frå Barcelona. Der er eg om tre veker, og eg har tre ting planlagt i kofferten. Nye joggesko, ballerinas, ei trenchoat/lignande som eg skal ha. Heldigvis går mangelen på Sunniva på "fæææmily-tuuur" til Bergen, ikkje den vegen eg forventa. Eg såg for meg vold og slikt, men i staden vil mamma heller påspandere meg jakke og sko eg har sikla etter og virkelig trengt. Flott!

flott ja, no må eg sove innan 9 min om eg skal høyre vekkarklokka i morgon kl 7........... dør
(dør ikkje av dette. og ja, eg veit at musikken min går i det meste som blir sendt på p3, men kva faen skal eg liksom gjere då?????)


torsdag 18. februar 2010

minor lies

love my life. Eg har selfølgelig klart å bli sjuk, og det rett før vinterferien. Typisk meg å bruke heile ferien på å ligge i senga og tenke "vil... døøø".
Å nyse konstant er liksom ikkje berre flaut, det er fysisk vondt. Det svir i halsen min og eg er rett og slett sikker på at eg allerede no har fått blodpropp i lungene. Trudde nysing var enten 4% eller 1/4 orgasme eg, men neida.
Ettersom Helene gir meg "the evil eye" kvar gang eg nevner at eg kaaaanskje ikkje orkar ut i morra, så må eg vel ut likevel. Klarer ikkje vente. Drita full, vondt i beina, altfor lite kle og altfor mange ekle gutar som trur at å danse vil sei å-gnikke-skrittet-sitt-så-nærmt-jenta-sitt-som-mulig-uten-å-kunne-kalle-det-tørrpuling. Som sagt, klarer ikkje vente.

Nei men no har vi matte, så tenker at eg skal spele litt kabal og fortsette å late som om eg forstår aaalt vi gjer på geogebra.org. Ser rundt meg og ser at det faktisk kun er eg, Linn og Malene som ikkje følger med. Esj.

tirsdag 16. februar 2010

faller inn og ut av kjærlighet

ingenting går heilt min veg for tida og eg har det egentlig best frå klokka er åtte til klokka er tre. då går eg nemlig rundt på skulen og tenker på at snart skal eg heim for å sove, snart skal eg bake bollar med ti kilo rosiner og snart kjem undertøyet (endelig) i posten. vel, dei to siste dagane har eg og Martine/marty brukt på å gå rundt nede i sentrum, eg legg meg ikkje før klokka er ett-to, bollane har eg endå ikkje orka å lage og undertøyet har ikkje komt endå, berre pakkelappen. gahhhh seier eg berre.

men eg har vore flink likevel. trur eg i allefall, for ting føles heilt annerledes enn før.
skikkelig (u)flaks at the xx og la roux skal på øya. med tanke på mine foreldre og min økonomi, så ser det liksom ikkje så strålandes ut om eg skal på roskilde, som eg forresten får mindre og mindre lyst på.

har mest lyst å legge til ein skikkelig emo sang, men det blir faktisk Lars Vaular - rett opp & ned. men hey, det er jo sånn humøret mitt er akkurat no.